13.04.2017 Av: Bistand/action Postet i: Bistand/action Tags: påske, ferie, oppsummering, snartslutt
Påskeferie

Påskeferie

Før helga dro alle elevane heim på påskeferie. Derfor tenkte eg at det var på tide med ei lita oppsummering av kva me har gjort sidan me var i Kenya og Tanzania. 

Første veka etter turen stod me på stand for Misjon Uten Grenser. Der skulle me reklamere for prosjektet deira, Venn Uten Grenser. Me stod der på sjølvaste kvinnedagen, og delte derfor ut både brosjyrer og roser.

Søndagen var det rollebryllaup. Der hadde me eit vakkert brudepar, forlovere, foreldre, Micheal Jackson, Paris Hilton, prest, Spice Girls, afterski, gal eks, militær, KISS, og masse anna gøy. 
  

    

Veka etter dro me til ei strand med klassen. Der prøvde me ut treningskiter til me skal på kitekurs rett over påske. 
  


Deretter var det dags for Italia-dagar på skulen. Då forberedte me oss til turen som heile skulen skal på over påske. Me fekk masse informasjon og historie om byane me skal til, Venezia, Roma, Firenze, Pisa og Assisi. I tillegg var me i prosjektgrupper der me laga ei framføring om ulike italienske ting. 
 
 
Bileta er teken frå Google.

Veka etter det igjen dro klassen på blåtur. Me fekk bind for augene, og fekk undervegs mot målet diverse hint om kva me skulle. Det viste seg å vera at me skulle kjøre rib. Altså, båt som kosar seg i bølgene!
 

Dagen etterpå dro me på Kafé Oasen før me dro til Skien Fritidspark der me bada. Kafé Oasen er driven på frivillig basis. Alle inntekter går til prosjekter rundt omkring i Afrika og Fillippinene. Blant anna gjev dei deler av inntektene sine til Samuli, heimbygda til Jeremiah. Helsehuset, som holdt på å bli bygd medan me var der, var finansiert(for det meste) av denne kaféen.

Signe(t.v.) driv kafeen, og er ei utruleg skjønn dame. Bilete teken frå Google. 

Laurdag samme veke var det dags for Run for Tanzania. Det var verkeleg god stemning under løpet, og folk sprang for harde livet! Og som om det ikkje var nok slo me fjorårets rekord! Me samla inn over 300 000kr! Heilt enormt å ha vore med på å bidra til at alle desse pengane kom inn. Dei kjem til nytte, utan tvil.
 
   

 

I siste veka før påske gjekk størsteparten av klassen, sammen med andre i Prosjekt Moldova-klassen, bøssebærarar for Kirkens Nødhjelp. Det var tilfeldig at me blei spurt, men etter eigen innsamling klarte me ikkje å sei nei til å bli med på denne innsamlinga. Visste du at 250kr er nok til å forsyne eit menneske med reint vatn, resten av livet? 

I tillegg skjedde det veldig mykje anna på skulen i denne perioden! I alle dei ulike valg- og modulfaga har det vore turar og mange aktivitetar. Stippane og elevrådet har laga i stand fleire kjekke aktivitetar, og kvardagen på skulen har vore lika gøy som alltid.  


Til slutt var det dags for å dra heim. Takk for alt som har skjedd før påske. Me gler oss til alt som skjer etter ferien! Hold dykk oppdatert!