29.03.2017 Av: Bistand/action Postet i: Bistand/action Tags: sponsorløp, tanzania, gøy, innsamling
Run for Tanzania - Sponsorløp

Run for Tanzania - Sponsorløp

I år som i fjor vert det arrangert eit sponsorløp her på skulen. Run for Tanzania går av stabelen laurdag 1. april, og det kjem til å bli morosamt å både delta og arrangere! Elevane skal komme seg gjennom ei runde på 550m flest mogleg gongar i løpet av ein time. Kreativitet vert dessutan vektlagt, så om dei ikkje ynskjer å springe kan dei kle seg ut og lage litt show undervegs i løpet. Speakers og høgtalarar på tunet er med på å halde ei god stemning undervegs. Det er ekstra gøy å jogge når du veit at du har sponsorar som gjev deg pengar for å springe!

Som sagt går løpet ut på at elevane i forkant har skaffa seg sponsorar. Desse kan anten betale ein mindre sum for kvar runde eleven joggar(då må du huske å ta i betraktning om eleven har kostyme eller utfordringar som senkar tempoet!), eller ein fast sum for heile timen. Kvar ei krone hjelper!

Organisasjonen i Tanzania som me støttar heiter Make Possible. Dei driv mange ulike prosjekter, og spelar ei viktig rolle i mange liv. Blant anna støttar dei ulike privateigde skular økonomisk, og bidreg med kursing og anna kunnskap for å betre læringsforholda gjennom kulturelle holdningsendringar. Andre typar prosjekt dei driv er for eksempel ei kvinnegruppe, Zekana – «It’s Possible», for kvinner som lid i samfunnet fordi dei har sjukdom. Det kan du lese meir om her: http://grenland.fhs.no/elevblogg/bistand-action/it-s-possible . Også familie- og fosterheimar er eksempel på kva Make Possible er involvert i.

   

Det er Make Possible som bestemmer kva pengane me samlar inn skal gå til. Det er fordi dei har kunnskap og kompetanse til å vite kva for prosjekt som vil nytte best av ressursane våre. Ein anna viktig faktor er at dei i tillegg ser etter kva for prosjekt som kan bli sjølvdrivne på lang sikt, og dermed er levedyktige prosjekt. Likevel har klassen fått komme med ynskjer til kor me kunne tenkje oss at pengane skal gå. Kort oppsummert: ein familieheim, Matheves School og Monduli Juu. 

Familieheimen
Me besøkte familieheimen fra forrige år. Dei fleste ungane som bur her har faddere. Som fadder betaler dei 250kr i månaden. Dei pengane er nok til å dekke både skulegang og kost og losji. Dei ungane som ikkje har fadder får likevel gå på skule og bu i denne familieheimen. Det er fordi Grenland Fhs, gjennom sponsorløpet, betaler desse utgiftene. I tillegg gjev skulen ein buffer til heimen slik at dei står trygt dersom noko uventa skjer. 


 

 

 

Matheves School
I fjor gjekk ein stor sum frå sponsorløpet til denne skulen. I år då klassa kom på besøk hadde fjorårets  sponsorpengar komen godt til nytte. Det var bygd eit nytt klasserom, og dei hadde fått laga til ein fotballbane på området! Ungane på denne skulen kjem frå svært fattige familiar. Derfor er det ekstra viktig at skulen, gjennom Make Possible, får den økonomiske støtta dei får. Det er nemleg slik ungane kan ha råd til å gå på skulen.

  
 

 

 

Monduli Juu
Dette området har eit stort forbetringspotensiale i samfunnet. Dei har lite tilgang på fasilitetar som helsestasjon, skuletilbod og utstyr, butikkar og reint drikkevatn. Dessutan er tidleg ekteskap veldig vanleg i dette området. Den eine skulen i Monduli Juu heitar Mferegi. Denne skulen har alt for mange elevar, og alt for få lokaler. Heile 600 elevar går der, og det er berre kring 10 lærarar som er ansatt der. I tillegg er det internatskule for dei borna som måtte gå lengst til skulen kvar dag. Fortsatt er det elevar på skulen som går fleire timar ein veg for å komme seg til skulen.

  

    

 

 

Som du sikkert forstår går desse pengane til noko godt. Me har sett effekten av løpet, og håpar at du og gjer det, sjølv om det blir gjennom bilete. På laurdag skal me springe for alle desse flotte menneska. Motivasjon kjem ikkje til å bli noko problem, for me veit at kvar ei krone som me samlar inn vil bidra til at desse folka får ein betre kvardag. Vil du vere med å støtte? Kontakt oss eller ein elev/lærar du kjenner på Grenland! Og vil du vite meir om turen vår til Afrika og Make Possible kan du lese dette innlegget: http://grenland.fhs.no/elevblogg/bistand-action/samme-dag