18.11.2014 Av: Håndball Postet i: Håndball Tags: Håndball, bursdag, cupcakes, baking, skade
Hipp hurra for Eline!

Hipp hurra for Eline!

Heia!

Etter ei veke i Danmak med mykje trening og opplegg, har denne veka vore langt meir roleg.

Det har berre vore handball og fotballklassen som har vore på skulen, så her har det vore ganske stille. Tross ei rolig veke, er det aldri kjedelig med handballklassen. Vi har mellom anna vore på Larvikkamp og heia fram Vilde og hatt tacokveld med leker og gøy.

Høydepunktet denne veka er likevel at vår kjære solstråle Eline hadde bursdag på fredag og vart 19 år!
Vi jentene hadde lyst til å gjere litt stas på godjenta vår, så på torsdag laga vi nokon stilige uglecupcakes og skreiv kvart vårt kort. 
På fredag mens Eline var på butikken sneik vi oss inn på rommet hennar, blåste opp ballongar, hadde med korta og cupcakesene, og vent spent. Det var ei glad og ikkje minst overraska Eline som opna døra og såg at heile klassen var gøymd inne på det vesle rommet hennar.

Vi er veldig glad i deg Eline og håpar at du hadde ein super dag! <3

  

Ein annan grunn til at det kanskje har vore litt ekstra stille på skulen denne veka er at vår egen energibunt Stina Sofie har vore heime og operert kneet. Ho var så uheldig å ryke korsbåndet og skade minisken på ein handballkamp i begynnelsen av dette skuleåret. Både klassen og ikkje minst Stina sjølv var skuffa når vi fekk denne beskjeden, men Stina Sofie skal ha masse ros for sin positive innstilling og ståpåvilje. 
Operasjonen var vellykka og Stina Sofie har det bra. Men ho har lopper i blodet, hater å liggje i ro og slappe av, så det kan bli ein utfordring.

Vi gler oss masse til du kjem tilbake!
klem håndballjentene