06.03.2017 Av: Håndball Postet i: Håndball Tags: gøy, is, Håndball, botrening, fall

Isdans og piruettar

Håndballgjengen bytta ut skoa og håndballane med skøyter og kule hjelmar. Det var ein koseleg dag saman med botrening. Hanne Hegh viste at ho har talentar utanfor håndballbanen òg. Det starta med at me skulle gå framlengs, baklengs og stå på ei skøyte. Det endte med knall og fall for nokon av oss. Etter ein time med aktivitetar som haien kjem og isdans, var det ein fryd å sjå håndballgjengen sveve over isen. Dagen endte med pølser og god stemning.