01.03.2017 Av: Håndball Postet i: Håndball Tags: Kokkekamp, Ut, tur, Håndball, gøy, Frisk luft
Ut på tur, aldri sur!

Ut på tur, aldri sur!

No er handball tilbake på skulen. Og etter ei deilig veke med ferie er det godt å sjå kvarandre igjen! Me er ikkje så mange på skulen akkurat no, då dei fleste framleis er på tur. Difor fekk me òg vere litt meir på tur ute i naturen! 

Dagen starta med litt planlegging av elevkvelden vår, som nærmar seg med stormskritt. Det var ein fin start på dagen. Me fekk og litt tid til å planlegge det som skulle skje etter lunsj, nemleg kokkekamp! 
Lærer Liv tok oss med ut på Kattøya, som er ei fin lita øy i nærområdet. Me vart delt inn i tre lag, der kvart lag anten fekk ansvar for forrett, middag eller dessert. Og alt skulle lagast i skogen, på bål. 
På menyen stod det pinnebrød til forrett, kylling med gode grønsaker til middag og appelsinsjokoladekake stekt i appelsinskalet til dessert. Alle fekk ansvaret for å lage sitt eiget bål, noko som blei ei kjekk utfordring. 

Det var veldig godt å komme seg ut i naturen og få litt frisk luft! Tur er alltid gøy!