26.04.2017 Av: Fotball Postet i: Nyheter Tags:

Kjempeartig markedsdag!

Med masse folk, fint vær og kjempegod stemning blei markedsdagen på Grenland ein stor suksess.

Lørdag 22. April arrangerte Grenland Folkehøgskole for 7. året på rad heile lokalsamfunnet inn til markedsdag. Elevene hadde jobba godt på forhånd og stelt i stand med mange kjekke aktivitetar som hoppeslott, skattejakt, paintball, lotteri, olabil, fotball, skrotor, klatring og matsalg med meir. Inntektene frå denne dagen går til Prosjekt Moldova og Grenland sitt samarbeid med Misjon Uten Grenser (M.U.G.). Fleire av elevane har sjølv vert nede i Moldova i løpet av skuleåret og fått sett fattigdommen på nært hold. Vi synes derfor dette er ein veldig kjekk dag der lokalsamfunnet kan møtes og ha det kjekt med aktivitetar for både store og små, samtidig som vi kan vere med og støtte ein god sak. Video frå dagen kan sjåast øverst på sida, sammen med mange bilder frå dagen nedforbi:

Håvard og Mads tester ut eine Olabilen
Olabil var ein populær stasjon under markedsdagen
Helga, Kamilla, Cecilie og Sindre skapte stor underholdning med et forrykande show

 

Kakesalg
Skrottor
Blide jenter på ein av salgstasjonane
John Henrik og Stian tester ut bokseringen der deltakarane skulle boksa iført sumodrakter
Oversikt over tunet på markedsdagen. Mange folk tok turen innom!
Helga, Cecilie, Kamilla og Sindre spredte masse glede på tunet då dei gikk rundt og solgte ballongar
Paintball var også ein populær stasjon der folk fekk skyte på fhs elevar.
Paintball
Inni gymshallen hadde me klatrestasjon der folk fekk testa ut klatreferdighetane sine instruert av instruktørar med brattkort

Svampekasting med fhs-elevar som blink
Julie sang Riptide av Vance Joy med Benedicte på ukulele
Fhs-elev Kristoffer strålande fornøyd med gevinsten frå lotteriet
Charlotte og Hanna hadde stasjon der kundane kunne dekorere sine egne cupcakes
Elevane på Grenland har sin egen skuledans. Då sangen til skuledansen kom på i anlegget begynte alle fhs-elevane å dansa

Mange ville kjøpe lodd hos lotteriet der ein kunne vinne flotte gevinstar som f.eks kaker som fhs elevar hadde laga
Mange barn koste seg i hoppeslottet