22.11.2014 Av: Maria Busengdal Postet i: Nyheter Tags: backpacker, walkabout, norgerundt, utenpenger
WALKABOUT – NORGE RUNDT UTAN PENGER.

WALKABOUT – NORGE RUNDT UTAN PENGER.

Ein konkurranse om å vere innom flest mulig fylker og turistattraksjonar utan å bruke pengar.

løpet av fem døgn har vi (Vilde, Sofie, Mathilde og Isabel) vore innom 11 fylke og ein heil haug av turistattraksjonar. Vi har blitt kjempeflinke på geografi og verkeleg fått erfart at det finnest drøssevis av hyggelige menneske rundt om i heile Norge. Vi har fått føle kor fantastisk det er når alt går etter planen, men også opplevd det motsette og korleis vi då klarte å gjere det beste ut av situasjonen. Heile gruppa er einige om at det er dette walkabout handlar om. Å reise utan pengar skal ikkje alltid vere like enkelt, og at ein opplever motgang før medgang gjer turen berre enda betre. 

Vi starta reisa vår søndag 2.november i Porsgrunn. Denne dagen bestod av vasking av hus for å tene litt pengar, roadtrip til Norges hovudstad, sighteeing og god gratis mat.

Mandag morgon reiste vi frå Oslo S til Trondheim. Vi var så heldige som blei sponsa av NSB og fekk gratis togbillettar mot at vi hadde underholdning for barna på toget.

Dagen etter skulle vi ha sightseeing i Trondheim, men sidan vi ikkje hadde funne transport for siste del av reisa så måtte vi bruke mykje av tida på å prøve å skaffe transport. Vi ringde alt frå buss, tog, ferje, fly, trailer og privatpersonar utan hell. Til slutt enda vi opp med å ta kontakt med Widerøe - som den siste utvei. Flyselskapet hadde allereie gitt oss gratisbilettar frå Trondheim til Bergen med mellomlanding i Kristiansund, og no var vi var så utrulig heldige å få sponsa billettar frå Bergen til Sandefjord på torsdag. Gruppa bestemte at det beste var å droppe turen til Stavanger, og heller vere eit ekstra døgn i Bergen før vi reiste tilbake til skulen. Seinare på tirsdagen fekk vi tid til litt sightseeing i byen, før vi tok flyet til Bergen.

Heile onsdag utforska vi Bergen by. Med gratis middag på Egon og overnatting på hotell, fekk vi ein strålande avslutning på ein fantastisk tur.

Link til facebooksida med flere bilder