img_5588.jpg

Treningsleir

Me har no ankomme Danmark!

Mandag ettermiddag tok me båten frå Larvik til Hirtshals, heilt nord i Danmark. Derfrå var det berre ein halvtimes køyring til Idrætscenter Vendsyssel. Me ankom Vendsyssel i ti-tida, så etter å ha flytta inn på romma og pakka ut litt, var det kveld.

Tysdag morgon starta med frukost klokko 8, etterfulgt av ei handballøkt frå 9-11. Denne økta låg fokuset mykje på forsvarsarbeid. Etter trening åt me ein deilig lunsj. Frå lunsj og fram til neste økt kl 15 hadde me litt eigentid, som me brukte blandt anna til å finna ein butikk slik at me kunne kjøpa litt mat og snacks til mellom måltida. For dei som sat i den eine bilen var det ei enkel oppgåve å finna ein matbutikk, for dei andre var det litt meir utfordrande. Dei fekk seg blant anna ein tur i nærområdet og til neste bygd, før dei snudde og fann ut at butikken var 2 min frå der me bur(:

I den andre økta spelte me ein del, fyrst på 1 mål, så på heile banen. Me fekk servert ein god middag etter trening og på kvelden såg me semifinale i herre-NM. Haslum vann over Fyllingen som var på heimebane, og skal då spela finale i Spektrum 29 desember! Hanne hadde laga ein konkurranse til etter kampen. Me vart delt inn i lag og skulle få eit ord av ho, tegna det for dei andre på laget og dei skulle gjetta, springa til ho og sei ordet for å få eit nytt. Det var veldig moro og det blei skikkelig konkurranse!

Idag har me hatt ei handballøkt, der spelarane var delt i grupper etter posisjonar. Først ut var bakspelarane og to målvakter og neste økt var det berre kantpelarane, strek og dei to siste målvaktene. Me fekk øvd mykje på skudd med ulikt tilløp, med/utan finte osv. No er det tid for lunsj og om litt tek me turen til Aalborg for litt shopping, bowling og middag! Stay tuned!!

Del: