Bølgejakt i Hoddevik

Action/bistand • 06 / oktober / 18

Surfing i Hoddevik har blitt ein stor hit blandt mange folkehøgskular. Grenland Folkehøgskule er ikkje noko unntak, og tradisjonen tru utnytta Bistand/Action tida i Sunnmøre til å oppleve bølgene i Hoddevik med kvar sitt surfebrett under armen.

Tidlig tysdags morgon sat heile klassen i minibussen, klar for tilbringe to dagar i Hoddevik saman med instruktørar frå Lapoint Surfcamp. Før kurset starta, måtte me kjempe oss inn i kvar vår våtdrakt og sette kursen mot stranda. Me fekk tildelt surfebrett og blei delt i grupper med kvar vår instruktør, som gjekk gjennom nødvendig instruksjon og oppvarming før me fekk gå ut i vatnet.

Første dagen gjekk for det meste til padling og følgje bølgene inn, men etter kvart som me blei kjent med brettet og vatnet, vart det gjort fleire forsøk på å stå oppreist. Det blei mykje knall og fall, men til slutt klarte dei fleste å reise seg.

Å vere i vatnet og prøve ut surfing i nydelege naturomgivelsar, var ei fantastisk oppleving. Likevel tok det mykje energi og krefter, og det var ein utslitt og til dels mørbanka gjeng som sette seg i bussen igjen onsdags ettermiddag for å vende tilbake til garden på Fiskå.

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ