Run for Tanzania!

Action/bistandAfrika • 29 / mars / 19

Laurdag 30.03.2019 arrangerer Bistand/Action «Run for Tanzania» for sjuande året på rad. Dette er eit sponsorløp der heile skulen blir inkludert for å samle inn pengar til Make Possible og arbeidet dei gjer for å gi foreldrelause barn ei betre framtid i land som Tanzania og Uganda.

Sponsorløpet føregår ved at elevane ved skulen skal skaffe eigne sponsorar, som ønsker å støtte dei i løpet. Dei som ønsker å bidra med ein pengesum, kan velge mellom å sponse eleven med eit valgfritt fast beløp for heile løpet, eller eit rundebeløp. Vel ein sistnemnde, gir personen eleven eit beløp per runde han/ho spring. Når løpet er over, gongar ein rundebeløpet med antall rundar eleven har klart å fullføre, og dette er summen sponsoren må gi. Kvar runde er på ca. 550 meter, og heile løpet varer ein time.«Run for Tanzania» fungerer ikkje berre som eit løp for å samle inn pengar, men blir også ein gøyal «happening» der heile skulen er engasjert. Det vert mellom anna delt ut premie til dei to personane som spring lengst (ein gut og ei jente), personen som samlar inn mest pengar og til mest kreative kostyme. I tillegg blir det musikk, speaker, pynt langs løypa, fint vêr og god stemning!Sjølv om det er mykje gøy med løpet, er hovudformålet sjølvsagt at me kan støtte dei viktige prosjekta til Make Possible. Me på Bistand/Action har sjølv vore i Afrika og sett arbeidet deira, og veit at dette er betydningsfullt for veldig mange menneske! Me fekk mellom anna besøke Kamuli Childrens Home i Uganda, og dei fantastiske, engasjerte og hardtarbeidande menneska som er tilsett der. Barna som bur på barneheimen har av ulike årsakar, til dømes grov omsorgssvikt, ekstrem fattigdom eller foreldreløyse, blitt plassert her for å få moglegheita til ei lysare framtid og å vere barn litt lenger. Grunna arbeidet til Make Possible får dei mat kvar dag, gå på skule og vokse opp i eit trygt miljø med andre barn og omsorgsfulle vaksne.I tillegg til å møte desse barna, fekk me omvisning i eit bygg som mellom anna skal fungere som hyblar for unge som er for gamle til å bu på barneheimen, men framleis for unge til å kunne klare seg 100% på eiga hand. Dette bygget står no nesten ferdig takka vere midlar frå mellom anna fjorårets «Run for Tanzania», og viser at summane som kjem inn frå elevane ved Grenland FHS og deira sponsorar faktisk er med på å utrette ein forskjell!Dersom du ønsker å lese meir om Make Possible sitt arbeid kan du trykke her.

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ