Den 1 februar så brakar det laust her på Grenland, for då har Route 66 elevkveld! Derfor brukar vi dagane våre på å skrive sketsjar, filme og øve til ein av dei beste elevkveldane Grenland har sett!!
Dei siste vekene har vi gjort mykje kjekt! Vi har hatt kreativ veke, reist til Rauland, hatt nyttårsball og meir kjekt! Etter så kjekke veker så beveger vi oss inn i ganske travle veker! No er det berre ei veke igjen til elevkveld og vi jobbar på spreng for å lage ein kjekk, koseleg og underhaldande kveld for alle!
Etter elevkveld så er det ikkje heller så altfor lenge til vi reiser til USA! Så vi har mykje spennande foran oss!