Å kjempe for søvnen

Action/bistand • 24 / oktober / 18

Bistand/Action er ei linje med eit variert program. Tirsdag til onsdag var det derfor tid for ny overnattingstur, denne gongen i ei hytte ved Svanstul.

Klassen var ferdig pakka og klar for tur rundt 13.30 på tirsdag. Den einaste informasjonen me hadde fått, var at me skulle på hyttetur, det ville bli aktivitetar, og me måtte ha med liggeunderlag sidan det ikkje var nok sengeplassar på hytta. Klassen var derfor passe spent på kva turen ville bringe.

Etter omtrent ein times køyring, ankom me hytta. Medan Randi Irene og dei to stipendiatane gjorde klart for aktivitet, åt me andre nista vår og funderte på kva resten av dagen ville bringe. Det fekk me snart greie på, og planen var eit firathlon der vinnarlaget stakk av med sengeplassane i hytta. Konkurransen innebar kajakkpadling, sykling, springing og svømming, før me skulle treffe blink ved å kaste ball i bøtte, og fyre opp eit bål for å få vatnet til å koke.

Innsatsen til alle laga var på topp, og innspurten ved bålet vart spennande. Det vart likevel lag to som til slutt stakk av med seieren og sengeplassane.

Resten av dagen vart brukt til ulike aktivitetar, mellom anna sykling og kajakktur for dei som ønska det.

Etter kveldsmaten beståande av både pølser, karbonade, fiskepinnar, gulrot og potet, var det klart for bålkos utanfor hytta. Her tilbragte me fleire timar og kosa oss med smores, kakao, artige historiar og sang.

Alt i alt har det vore nok ein fin tur for Bistand/Action!

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ