Agurk for Tanzania

Action/bistand • 06 / oktober / 18

Første dagen for Bistand/Action på Sunnmøre, har vore fullstappa med mykje aktivitet, god stemning og fint vêr.

Dagen starta med ein god frukost, før me gjekk ned i drivhuset for å starte arbeidet med å rydde ut agurkplanter. Sjølv om det var skittent arbeid og varmt i drivhuset, hadde me det veldig kjekt medan me heldt på. Å ha det så kjekt samstundes som me tente pengar til Tanzania, var heilt supert! Dagen i drivhuset på Helgøy Gartneri, vart avslutta med nydeleg kake frå Tante Reidun.

Etter at kaka var fortært, tok me med oss nokre av agurkane og gjekk for å helse på hestane.

Litt seinare utnytta me det fine vêret og gjekk på fjelltur. Målet var Nystølshornet – ein fin tur med fantastisk utsikt på toppen! Sjølv om vêret var bra då me starta, fekk me oppleve kor raskt sol og blå himmel kan endre seg på Vestlandet. Turen blei derfor avslutta med både regn og hagl, men då var det ekstra fint å setje seg inn i minibussen og køyre tilbake til garden igjen.

Den innhaldsrike dagen vart avslutta med taco, der mykje av tilbehøret var sjølvdyrka frå drivhuset – den beste tacoen på lenge!

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ