Bistand/Action er tilbake

Action/bistandSunnmøre • 23 / oktober / 18

[vc_row][vc_column][vc_column_text]Etter linjeveka i Sunnmøre og haustferien kvar for oss, er no alle frå Bistand/Action tilbake på skulen. 

Tysdagen etter ferien, starta klassen linjetimane i klasserommet. Her oppsummerte me linjeveka, før me bevegde oss bort i gymsalen. I gymsalen var det duka for ulike aktivitetar med lærar Randi Irene i spissen. Me hadde mellom anna ulike variasjonar av stafettar og tikken.

Onsdagen møtte me igjen opp på Misjon Uten Grenser. Her fekk me meir informasjon om organisasjonen og konseptet deira «Venn uten Grenser», samstundes som me heldt fram med å sortere klede og brette saman tepper til Moldova.

I linjetimane på fredag var det klart for meir aktivitet. Klassen møtte derfor opp i sandvolleyhallen og hadde ei god økt med sandvolleyball – både teknikkøving, gjennomgang av reglar og spel.

Sjølv om me har hatt det veldig fint på Sunnmøre og i haustferien, var det likevel godt å vere tilbake på skulen og møte alle igjen. Ein video frå linjeveka vår på Sunnmøre kan du sjå her.

[gem_youtube video_id=»IpacgpDvjl8″]

[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row]

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ