Bistand/Action på blåtur

Action/bistand • 11 / april / 19

Dersom du gjennom året har fulgt med på kva me på Bistand/Action har opplevd, har du nok fått med deg at denne linja mellom anna har vore fullt opp av større og mindre turar og utflukter. Felles for tidligare turar, er at me alltid har hatt eit innblikk i kva planen er, og kvar me skal. Denne veka fekk me derfor prøvd ut noko nytt, då Randi Irene hadde stelt i stand blåtur for linja.

Uten andre hint enn ei kort pakkeliste, møtte gjengen frå Bistand/Action opp på tunet tysdag føremiddag. Turen starta med at alle sat seg inn i minibussen og fekk bind for augo, før me køyrde avgårde. At turen gjekk føre seg i blinde la heldigvis ingen stoppar på stemninga, og det var full musikk og sang heile vegen.Etter ei stund fekk me synet tilbake, og fann ut at me var komen til Kragerø. Vidare bar turen til Skåtøy, der me spidda pølser, åt kake og besøkte restar av bunkersar og grotter frå andre verdskrig. Då me kom tilbake til minibussen, fekk me beskjed om at neste post på programmet var orientering. Sidan Randi Irene måtte «ta nokre telefonar», blei klassen beden om å vente på brygga og nyte sola. Ut av det blå kom ein båt og la til kai. Det viste seg at orienteringa berre var tull, og me skulle ut på sjøen i rib. Fullt påkledd med kjeledressar, redningsvestar og slalåmbriller pakka me oss saman og satte kursen mot havet.

Den overivrige og svært nøgde gjengen endra seg fort til 14 forvirra elevar. Grunnen var at me på ny la til kai, men no med beskjeden om at me skulle hoppe frå ei bru. Ein etter ein gjorde me oss klar for pendelhopp, og svinga utfor rekkverket. Ein ny runde med rib venta, no med høgare fart og større bølger. Då turen var over starta gjengen mental førebuing på ei natt ute under open himmel, det var nemleg det Randi Irene hadde førebudd oss på. Gleden stod derfor på ny i taket då bussen parkerte og me fann ut at natta skulle tilbringast på ei fin, og ikkje minst varm, hytte.For å avslutte den fantastiske turen, hadde me enda ein post på programmet. Etter ein god frukost, satte me oss i bussen og køyrde til Jettegrytene. Dette vart ein fin tur til fasinerande omgivelsar. Til tross for det kjølige vêret og enda kaldere vatnet, valgte fleire å utnytte moglegheita til å ta årets første bad i jettegrytene i Telemark.Alt i alt ein utruleg fin og innholdsrik blåtur, som gjekk over all forventing!

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ