Dans, glede og mange inntrykk

Action/bistandAfrika • 16 / februar / 19

Dei to siste dagane på reisa vår har me tilbragt i Kamuli i Uganda. Me har for det meste oppholdt oss saman med menneska på Kamuli Childrens Home, og sett arbeidet Make Possible gjer for foreldrelause og spesielt utsette barn i Kamuli.

Make Possible er ein organisasjon starta opp i 2007, med hovudfokus på å gjere kvardagen litt betre for foreldrelause born. Per dags dato har organisasjonen ti prosjekt i fem ulike land i Afrika. Det arbeidet me har sett i løpet av berre to dagar, vitnar om haldningar og verdiar med spesielt fokus på å gi barna ein så god oppvekst og utdanning som mogleg, samt ein heim å gå til med trygge rammer og stabile vaksenpersonar.Gårsdagen starta med ein fantastisk velkomst med sang frå barna då me ankom Kamuli Childrens Home. Vidare reiste me til skulen dei gjekk på. Her møtte me rundt 400 entusiastiske, livlege og nysgjerrige elevar frå tre år og oppover. Denne dagen skulle det vere «election» på skulen, som gjekk ut på at elevane via demokratisk avstemning valgte «leaders» for ulike kategoriar.Vidare denne dagen var me på familiebesøk til trengande i området. Dette er noko Fred og kona, som er leiarane for Kamuli Childrens Home, gjer heilt frivillig, og som verkeleg viser ein omsorg og medmenneskelegheit mange burde strebe etter. Samstundes er det veldig fint å sjå den takknemlegheita og gjestfriheita familiane møter oss med, og at det som blir gjort faktisk betyr noko.I dag har heile dagen blitt tilbragt saman med barna på barneheimen. Me har mellom anna fått sett ei rørande framføring av barna, inkludert både sang, dans og rollespel. Å sjå barna sjølv bruke sterke ord om kva dei tidlegare har opplevd var noko som vekka kjensler hos dei fleste, og det vart fleire tårevåte auge.I tillegg til dette vart det arrangert kappløp mellom barna og oss frå Bistand/Action. Løpet i seg sjølv var ei unik oppleving, og det var nok eit artig syn for dei lokale i landsbygda, då sju bleike, svette og slitne nordmenn prøvde halde følge med ein haug topptrente og ekstremt raske barn i solsteik og over 30 varmegrader. Resten av dagen vart brukt til dans, sang, fotballkamp og klappeleikar, før tida kom for middag og avskjed. Å få moglegheita til å bli kjent med desse barna, leike, lære og oppleve saman med dei, er noko heilt unikt som me er svært takksame for. Til tross for mange vonde bakgrunnar og historiar, utstrålar dei ein glede og positivitet me aldri har sett makan til. Via Make Possible og arbeidet deira, får desse barna moglegheit til ein mykje betre og tryggare oppvekst, samt ei meir lysande framtid enn utgangspunktet. Det er noko me er stolte av å bidra til og støtte.No gjer me oss klar for siste natta her i Kamuli, før me reiser vidare og krysser grensa til Kenya i morgon.

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ