«Ei fantastisk linje som må opplevast»

Action/bistand • 21 / mars / 19

Bistand/Action er ei lita linje med få elevar, men har likevel vore heldige å få tildelt heile to stipendiatar. For ei lita stund sidan vart den eine stippen vår, Martin, presentert her på bloggen. Han gjekk Fotball Europa i fjor, og var derfor ny til det aller meste på denne linja. Med seg på stipp-laget har han Marianne, som no går Bistand/Action for andre året på rad. Kva som gjorde at ho ikkje vart metta etter det første året kan du lese meir om her.

Kvifor valde du å søke som stipendiat på Bistand/Action føre andre linjer? Kva meiner du er unikt med denne linja?

Eg valde å søke som stipendiat på Bistand/Action fordi eg trivdes veldig godt som elev her i fjor! Me gjer utruleg mykje kult, mellom anna dei fantastiske turane me reiser på, aktivitetane me får prøve ut og opplevingane me får gjennom samarbeid med organisasjonane Misjon uten Grenser og Make Possible. Det er eit år der ein lærer mykje og får teste ut mykje nytt og spanande, samstundes som ein får bidra og gjere ein forskjell for andre menneske. Eg diggar òg at klassen er såpass liten. Dette er noko som gjer samhaldet og miljøet utruleg bra! Me er blitt ein ekstremt samansveisa gjeng, noko som skapar tryggleik både her på skulen og ute på tur.

Bistand/Action er ei unik linje på veldig mange måtar. Likevel må hovudgrunnen vere linjelæraren vår, Randi Irene. Ho er eit stå-på-menneske utan like, brenn verkeleg for linja, bryr seg om alle i klassen og arbeider konstant for å gi alle gode opplevingar og gjere ting best mogleg for oss. Randi Irene vert naturleg ein del av gjengen, men er samstundes ein kjempeflink og kunnskapsrik lærar og rollemodell.

Kva meinar du er det beste med linja, og kan du nemne noko som kunne vore annleis?

Det eg likar aller best med linja, må vere kombinasjonen av bistand og action. Eg ville gå på folkehøgskule for å oppleve verda, prøve nye ting og få mange nye vener, men samstundes bidra og gjere ein forskjell for andre som ikkje har det like godt som oss. Gjennom organisasjonane me samarbeider med, får ein møte menneske og sjå verda frå eit anna perspektiv enn kva ein får moglegheita til som turist. Ein får rett og slett unike inntrykk, opplevingar, kunnskapar, kontaktar og vennskap på tvers av nasjonar. Bistand/Action er verkeleg ei fantastisk linje som må opplevast!

Kven vil du anbefale Bistand/Action til?

Dersom du er interessert i å prøve nye ting, ha eit fantastisk år fyllt av moro, aktivitet og latter, men samstundes gjere ein forskjell og gi andre menneske litt glede, vil eg absolutt anbefale denne linja for deg! Den er perfekt for dei som har interesse for å møte nye menneske, oppleve nye kulturar, ta nye utfordringar og gjere noko godt for andre, noko som òg vil kjennast godt for deg sjølv. Eg seier det igjen – denne linja er heilt unik og gir utruleg mange moglegheitar! Det er nesten vanskeleg å beskrive kor bra eg meiner denne linja er, den må berre opplevast!

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ