Eit år var for lite

Action/bistand • 15 / november / 18

På lik linje med andre folkehøgskular, praktiserer og Grenland Folkehøgskule prinsippet med stipendiatar, populært kalla «stippar». Ein stipendiat, eller ein stipp, er ein person som allereie har vore elev ved skulen eit år, men som er så heldig og får moglegheita til å gå eit andreår på folkehøgskule. Me på Bistand/Action er så heldige at me har, ikkje berre ein, men to stippar med oss i klassen. Namna er Marianne Herland Eikås, som var elev ved same linja i fjor, og Martin Buland som var elev ved Fotball Europa for berre eit kort halvår sidan. Vidare i dette innlegget kan du lese nokre av sistnemnde sine tankar om kvifor han valde å søke som stipendiat på akkurat denne linja.

«Eg valde å søke som stipp på Bistand/Action fordi det verka som ei svært spanande linje som skil seg frå dei andre  med tanke på både bistands- og actiondelen. Bistandsdelen fordi me arbeider og lærer så mykje om korleis drive god bistand, og at å hjelpe andre og gjere ein forskjell ikkje nødvendigvis treng å vere kjedeleg og trist arbeid. Me lærer og ser at det kan vere motiverande å sjå så gode resultat, og gøy å arbeide i team for ein god sak.

Actiondelen er heilt klart fordi me gjer så mykje forskjellig, gøy og spanande. I tillegg får me prøvd svært mykje nytt me ikkje har gjort før, og mest sannsynleg ikkje får moglegheita til å prøve igjen seinare med like god planlegging og tilrettelegging.

I tillegg til dette, visste eg at Randi Irene som er lærar ved linja er heilt fantastisk, og eg blir no imponert over ho kvar einaste dag! Å få lov til å jobbe i team med ho og Marianne, som og er heilt fantastisk, er rett og slett berre ein draum. Eg lærer og opplever utruleg mykje nytt, gøy og spanande!

Bistand/Action er ei linje som er nokså ulik Fotball Europa som eg gjekk i fjor. På fotball-linja er det vanlege treningar i linjetimane, kamp omtrent ein gong kvar eller annakvar veke, samt linjeturane som saman med kampane er høgdepunkta. På B/A derimot, er det ein heilt anna dimensjon av varierte og allsidige aktivitetar, i tillegg til bistandsdelen som gjer det mykje meir betydningsfullt ved at me set andre framføre oss sjølv. På grunn av dette kan eg ikkje tenke meg ei betre linje enn Bistand/Action på Grenland FHS, dersom ein er allsidig og glad i variasjon!

 

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ