Eit unikt semester

Action/bistand • 26 / desember / 18

Første semester ved Grenland Folkehøgskule er allereie over, og elevane er spreidde rundt i dei fleste krikar og krokar av landet for å nyte juleferien. Medan kroppen gjer sitt beste for å fortære store mengdar pinnekjøt, juleribbe og riskrem, TV-en står på frå morgon til kveld, familieselskap tek opp store delar av både tid og energi, og me sakte sig inn mot det nye året, ønsker me å nytte litt av den attverande tida til å sjå tilbake på Bistand/Action sine opplevingar så langt i år. 

Den første ordentlege «aktiviteten» me gjorde saman som klasse, var allereie andre veka på skulen. Då reiste me til klatreparken «Høyt og Lavt» og tilbragte linjetimane våre der. Både slitsamt, morosamt og god teambuilding!Ei kort stund etterpå gjorde me oss klar til den første overnattingsturen vår. Destinasjonen var Paradisbukta, ei fin naturperle i nærområdet med same namn som eit av internata på skulen. For å kome fram brukte halvparten av klassen beina, medan resten padla i kajakk. Ettermiddagen og kvelden blei brukt til taco, bading og kos rundt leirbålet, før me la oss til å sove under open himmel.Lista over netter under open himmel for Bistand/Action, er foreløpig ikkje veldig lang. Me må likevel trekke med solodøgnet, der alle skulle tilbringe ei natt ute for seg sjølv. Ei spanande, utfordrande og tidvis skremmande oppleving for enkelte, men som enda overraskande godt for samtlige!I veke 45 og 46 hadde me praksisveker der me arbeidde frivillig for ulike organisasjonar. Me måtte sjølv ordne med praksisstad og reise, og hadde elevar i alt frå Sjømannskyrkja i Paris og Nederland, til Plan Noreg, Blåkors og andre norske organisasjonar og frivilligtenester.Eit høgdepunkt på linja vår, må vere turen til Sunnmøre! Vår fantastiske lærar, Randi Irene, køyrte minibussen heile vegen frå Porsgrunn til heimastaden sin på Fiskå i Sunnmøre. Her blei klassen innlosjert i barndomsheimen hennar, og veka vart fullspekka med opplevingar frå ende til annan. Me fekk mellom anna oppleve arbeid i drivhuset, besøk på Hakallegarden, fjellturar og to dagar med surfing i Hoddevika!Sunnmøre er som sagt eit høgdepunkt for mange. Ein tur som gir heilt andre, og på mange måtar sterkare inntrykk, er reisa Bistand/Action har til Moldova saman med valfaget Prosjekt Moldova. Gjennom semesteret har heile skulen og spesielt linja vår arbeidd med å samle inn pengar og klede til Moldova, i samarbeid med Misjon Utan Grenser. Det å kunne reise ned og sjå korleis desse midlane er med på å gjere ein forskjell for barn og familiar som kjempar seg gjennom ein kvardag der grunnleggjande behov som mat, varme og ein trygg bustad ikkje er ei sjølvfølge, satte sterke spor i dei fleste av oss.

Som ei avslutning på året og ei omstilling frå Moldova til vår neste store begivenhet, nemleg Afrika, hadde klassen Afrikansk aften. Me vart då delte inn i grupper og lagde treretters afrikansk middag heime hos Randi Irene.Dette er berre eit lite utdrag av alt me har gjort saman på Bistand/Action, og me gledar oss allereie til nytt semester med mange fleire fine stunder og opplevingar!

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ