Endeleg framme!

Action/bistandAfrika • 14 / februar / 19

Reisa Bistand/Action har til Uganda, Kenya og Tanzania, er kanskje hovudattraksjonen på linja. Tidlig tysdags morgon forlot me skulen i ein minibuss til Sandefjord lufthavn, og nokre timar seinare landa flyet vårt i Entebbe i Uganda. Sjølv om me berre har tilbragt eit par dagar på verdas ant største kontinent, kan me trygt sei at Afrika-Eventyret vårt har starta.

Det første som skjedde då me landa på flyplassen i Entebbe, var ein grundig gjennomgang med sjekk av visum, pass og koffertar. Då grunnleggande sikkerhetssjekkar var gjennomgått, var det tid for å ta ut pengar og finne fram til bussen som skulle kjøre oss til Banana Village, der me tilbragte vår første natt. Forskjellen i valutaverdien frå norsk krone til ugandisk shilling er nokså stor, noko som førte til eit artig syn for andre reisande då 15 entusiastiske elevar for første gong holdt store pengebunkar i hendene.

Vår andre dag i Uganda starta roleg med frukost, soling og bading på område til Banana Village. Planen var å bli henta av busselskapet rundt 11, men misforståingar førte til at dei kom fleire timar for seint. Det vart likevel ikkje noko problem for bistands-klassen, som brukte tida på meir bading, soling og styrketrening i varmen.

Då me først blei henta, venta nok ei oppleving. Køyretur i Uganda sine gater vekka ny begeistring hos samtlige, og synet av menneske, bilar, motorsyklar, dyr og markedsboder langs vegane gjorde ein vanleg busstur veldig spanande. På vegen vår til Jinja hadde me og eit kort stopp innom ein internasjonal skule i Kampala.

Dagen i dag starta med frukost til nydeleg utsikt over Nilen, akkopagnert av apeskrik, fuglekvitter og grashopper. Dette var riktig nok berre for ein liten del av gjengen, då resten allereie var reist for å rafte i Nilen. Etter frukost venta watertaxi som køyrte oss gjenverande til Nile Horseback Safari. Me fekk kvar vår hest, og saman med to guidar rei me gjennom landsbyar, skog og langs Nilen. Ein heilt utruleg tur med nydeleg natur, flotte menneske og mange inntrykk.

No ventar me på raftegjengen og gledar oss til å høyre om deira oppleving, før me seinare i dag køyrer vidare til Kamuli.

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ