IMG 2445

Endelig tilbake etter ferien!

Godt nyttår til alle! No har me kome tilbake til Grenland etter ein lang juleferie, og me er klare for alt siste halvår har å by på! Søndag 5 januar returnerte dei aller fleste til skulen, og på mandagen byrja me for fullt igjen! Ein stor del av linjetimane til dei ulike linjene går med til planlegging av komande turar i linjevekene i februar. Oss på handball har også brukt litt tid på dette, blant anna til å søkja visum til me skal til New York. Sjølv om me må planlegga tur, har me likevel hatt nokon gode treningar, og det var kjekt å koma i gang igjen etter ein lang ferie! Forrige veke gjekk som normalt, med twist torsdag kveld, funky friday på fredag og korridorkveld på lørdag. Det var Skrivargarden sin tur til å arrangere korridorkveld. Temaet var “beach party” og me hadde ulike konkurransar i sandvolleyballhallen. Det var god stemning og masse engasjement!

 

Denne veka starta kreativ veke, noko moldovaklassen har ansvar for. Kreativ veke går ut på at elevane som har Prosjekt Moldova som valfag + dei som går action/bistand skal arrangere ulike aktivitetar, selge tenester/produkt o.l. (alt frå å flette hår til å gå på butikken for folk) for å tene pengar til Moldova. �På mandag vart det arrangert volleyballturnering. Det var gratis å vera med, men publikum kunne kjøpa hemningar til dei som spelte. Dette kunne vere til dømes at ein måtte spela i høge helar, eller at tre på laget måtte teipast saman. Spelarane kunne igjen kjøpa seg fri for hemningane, men måtte då betala den dobbelte prisen av det publikum gjorde. Det var kjempemoro og ein god måte å kickstarta kreativ veke på! Tysdag var det rebusløp med ulike postar, også for å samla inn pengar. Kvar gong innsamlinga nådde eit nytt mål, til dømes 5000kr, måtte moldovaklassen gjera ein utfordring. Dei har måtta gå me klena på vranga ein heil dag, servert resten av elevane under ein middag, dei må bada i sjøen i tillegg til fleire straffar.

Onsdag var det marknadskveld i DS (Daglegstova), der moldovaklassen hadde vore kreative og funne på mange morosame ting og tenestar ein kunne kjøpa eller by på. Igår kveld var det Casino. Ein kunne delta på blant anna bingo, ligretto, terningkast gjennom å kjøpa sjetongar og bruka dei. Det vart også arrangert biljard og poker, men for å få ein plass på dei spela, måtte ein vera med i ein budrunde tidlegare på dagen. Moldovaklassen har gjort ein kjempejobb med kreativ veke og resten av skulen har stilt opp med godt humør og stort engasjement! Saman har vi klart å samle inn meir enn vi forventa og er veldig nøgde med det!

Stay tuned!

Del: