Fattig land rikt på historiar

Action/bistandMoldova • 02 / desember / 18

Tidlig på morgonen laurdag 24. november, var det endeleg tid for avreise for Bistand/Action og resten av elevane ved valgfaget prosjekt Moldova. Etter å ha arbeidd med pengeinnsamling og fokus på landet gjennom skuleåret, var det knytt mykje spenning til å oppleve og sjå Europa sitt fattigaste land med eigne auge. Me hadde på førehand høyrt mykje om landet, og blitt fortalt mange historiar frå tidlegare år, men eg vil likevel påstå at det var ein uvitande gjeng som stod pakka og klar utanfor Grenland Folkehøgskule denne kalde morgonen.

Reisa vår starta med ein flytur frå Torp til Bucuresti i Romania. Her tilbrakte me dagen som turistar, blei servert treretters middag på restauranten Hanu lui Manuc og fekk guida omvisning i Peoples Palace.

Etter omvisninga var det tid for togreisa frå Bucuresti til Chisinau – ei oppleving i seg sjølv. Toget var både trangt og veldig varmt, noko som baud på enkelte problem då 38 elevar pluss lærarar skulle kome på plass i kupeane, og gongen såvidt hadde plass til ein person i breidda. Det ordna seg likevel til slutt, og alle fekk rigga seg til. Kvaliteten på søvnen vart likevel varierande og periodevis, med opp til fleire passkontrollar, tollvesen og skifting av understell på toget.

Søndags morgon ankom toget Chisinau togstasjon, og gruppa gjekk for å innta den første frukosten på turen. Etter dette starta verkeleg veka vår i Moldova, med både mykje, tett og lærerikt program. Me starta med eit besøk i ei kyrkje i Antonesti, der me leika og hadde program med lokale barn.

Etterpå var det tid for dei første familiebesøka på turen, og me vart delt inn i grupper med kvar sin tolk, koordinator og nokre OCL-matkassar under armen. Å kome inn i private heimar og sjå korleis menneske kan leve under så dårlege forhold, med så stor usikkerheit og sterke historiar, var svært spesielt og gjorde store inntrykk på dei fleste.

Vidare på turen har me besøkt fleire suppekjøken, der samtlege sitt matbudsjett er finansiert med midlar frå Grenland Folkehøgskule. Eit av kjøkena me besøkte, var bygd utelukkande med midlar frå skulen, og det var gjort stor framgong på berre eit år. Å vite at ein er med på å gi innbyggarar i Moldova eit skikkeleg måltid mat til dagen, og å sjå med eigne auge kor mykje det betyr og kor viktig det er for dei, var både inspirerande og noko me er veldig stolt av. Sjølv om dei fleste suppekjøkena gav mat til barn, besøkte me og eit som serverte eldre og heimlause. Kontrastane mellom pensonisttilværelsen heime i Noreg, og korleis det var i Moldova, var enorme. For mange var møte med dei eldre ekstra sterkt, og det gjorde direkte vondt å sjå korleis eldre menneske som allereie har vore gjennom veldig mykje i livet, no er avhengig av andre midlar i samfunnet for å kunne overleve.

I løpet av dei første dagane var me innom fleire familiar. Felles var at det som regel berre var barna i husstanden som var ein del av programmet til Misjon utan Grenser. Torsdagen var gruppene med ulike koordinatorar spreid rundt i Moldova, og me fekk besøke familiar som var ein del av familieprogrammet. Kontrastane frå dei tidlegare familiane var store på dei fleste besøka, og kjentes både finare og meir oppløftande enn tidlegare besøk. Sjølv om desse husholdningane sjølvsagd hadde sine problem og vanskeligheitar, møtte me ein heilt anna optimisme og varme enn i tidlegare familiar.

Veka vår i Moldova har vore både innhaldsrik og interresant. Me har lært mykje, og blitt både oppgitt, inspirert og fortvila. Europas fattigaste land inneheld så mykje urettferdigheit, elende og håpløyse, og turen har hjelpt oss å innsjå eit hav av enorme kontrastar. Likevel har me møtt så mykje varme, kjærleik og takknemlegheit. I tillegg har me fått sjå  korleis arbeidet me støtter og bidreg til, og korleis innsatsen til Misjon utan Grenser, verkeleg er med på å gjere ein betydningsfull forskjell. No er me tilbake igjen på skulen, og sjølv om me er dei same fysisk, kan eg med tryggleik sei at det er ein anna gjeng som kom heim, enn dei som forlot Torp flyplass for berre ei veke sidan.

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ