Flyge med vinden

Action/bistand • 10 / januar / 19

Det er ingen hemmelegheit at Bistand/Action både er ei variert og aktiv linje. Eit av mange høgdepunkt på timeplanen, er difor eit tre dagars kitekurs med instruktørar. Frå mandag til onsdag denne veka, var klassen vår innlosjert på Bergsjøstølen Fjellstove – eit koseleg hotell omgjeve av nydeleg natur. 

For dei fleste på linja, var kiting ein ukjend aktivitet. På grunn av dette hadde me tidlegare i haust ei økt med treningskitar for å forstå litt av kva denne sporten går ut på. Kiteøkta vår vart prega av mykje vind og uerfarne elevar, men me fekk likevel ein smakebit på kva som venta oss når tida kom for ekte kitekurs. Dei noko urealistiske forventingane våre var å gå frå dette:

Til dette:Realiteten skulle vise seg å bli litt annleis…

Mandagen fekk me innføring i å setje opp og sikre kiten, samt bruk av sikkerheitssystem i tilfelle me mista kontroll. På grunn av dårlege vindforhold fekk me dessverre ikkje flyge, men dagen vart likevel fin med mykje ny kunnskap, brettspel og badestamp på kvelden.Tysdag vart ein stor kontrast til dagen før. Det bles kraftig, og der me på mandag sleit med å få opp kiten, sleit me no med å halde den på bakken. På grunn av den sterke vinden kunne me berre ha to kitar i lufta, og me stod seks-sju på rekke for å sikre personen som flaug. Til tross for den sterke vinden hadde dei aller fleste god kontroll på kiten då tida kom for å pakke saman.Onsdags morgon stilte me opp med ski og skisko, og gjekk saman to og to på ein eigen kite. Dagen starta med greie vindforhold, og dei fleste klarde å få kiten opp i lufta, medan nokre fekk prøvd seg på ski. Etter kvart dabba vinden av, og frå lunsjtider og utover vart det heilt vindstille. Nokre bestemte seg for å gå ut å vente på vinden, men det viste seg å vere nyttelaust. Me pakka til slutt saman og vende nasa i retning skulen igjen.Alt i alt vart det ein veldig fin tur, til tross for varierande vindforhold. Me nådde kanskje ikkje nivået med salto, flyging og høge hopp, men eg vil påstå at samtlige meistra kiting hakket betre enn me gjorde på stranda i haust.

 

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ