string(5) "right"
img_1122.jpg

Frivillige linjeveker

Nok ei veke er tilbakelagt på Grenland Folkehøgskule, og Bistand/Action er klar for to spanande linjeveker der me er spreidd rundt i både Noreg og Europa.

Som ein del av Bistands-delen på linja, har me nemleg to veker der me skal arbeide som frivillig for ein bistands- eller frivillighetsorganisasjon. Me står sjølv fritt til å velje mellom alle organisasjonar frå heile verda, men må organisere oss og kontakte praksisplassar sjølv.

Dei fleste tenkte stort i starten, og såg moglegheitane for spanande opplevingar og bistandsarbeid i ukjende land. Etter kvart som tida gjekk, byrja fleire å innsjå at faktorar som økonomi og planlegging satte ein viss stoppar for dei største ideane. Resultatet vart derfor at dei fleste blir igjen i Noreg og arbeider for ulike organisasjonar her. Mellom anna skal nokon vere i Bergen og arbeidde frivillig for Blåkors og Frivilligkorpset på Haukeland Sjukehus, medan andre arbeider hos Plan Norge i Oslo. Sjølv om det ikkje blei noko av dei første tankane om bistandsarbeid på andre kontinent, er det likevel nokon som reiser utanlands. Desse skal vere frivillige i sjømannskyrkjer i Nederland eller Paris.Dei fleste på linja er no kome seg avgårde til praksisstaden, og me ser fram til to spanande linjeveker!

Del: