GoCart, døgning og vask

Action/bistand • 11 / mai / 19

I godt over ei veke har Bistand/Action og resten av Grenland FHS vore på tur til Italia. Mandag kom me tilbake igjen til skulen, passe slitne etter å ha sett det meste av dei fleste stader og turistattraksjonar landet har å by på. Det vart likevel ikkje mykje tid til å slappe av, då programmet fram mot skuleavslutninga var fullspekka med aktivitetar og oppgåver.

Tysdag var det duka for ei siste roadtrip i minibussen med klassa. Turen gjekk til Skien, der me tilbragte dagen med gocart. Moteriktige køyredressar og hårnett, stort konkurranseinstinkt, eit par stygge glosar frå enkelte i det bilen hamna i grøfta eller snurra rundt og mykje latter, er ord som kan beskrive dagen bra. Bussturen tilbake er og verdt å nemne, med vår vanlege synging som nok kunne høyrast av samtlege forbikøyrande bilar.Dagen etter var det klart for våre siste linjetimar. Desse blei brukt til (ein nok så effektiv) vask av klasserom, premiere på mimrefilm frå Afrikaturen, overraskelsesbesøk av Cecilie, som var med oss til Afrika, og grilling i hagen til Randi Irene.Resten av veka har blitt brukt til nedvask av skulen, skriving i minnebøker, pakking og seine kveldar og lange netter i korridorstover og fellesareal.

Me på Bistand/Action takkar med dette for eit fantastisk år på Grenland Folkehøgskule. Me takkar for gode vennskap, uforgløymelege minner, unike opplevingar og veldig mykje ny og nyttig kunnskap.

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ