Hallo frå Route 66 19/20!

Route 66 • 13 / september / 19

No er det snart gått 3 veker siden det nye skuleåret begynte, så då er det på tide å introdusere den nye Route 66 klassa!

I år so har vi ein klasse på 9 jenter frå forskjellege delar av landet. Alt frå Hadeland i Oppland, til lille Berle i Sogn og Fjordane til Sortland i Nordland oppi nord! Vi er alle klare til å lære om musikk, samspel, låtskriving og meir! Og så har vi sjølvsagt to studieturar til Liverpool og USA som vi gledar oss til.

Allereie har vi fått ein smakebit på musikkproduksjon og samspel. Sjølv om vi ikkje er klare til å gi ut sangar enda så er musikkproduksjonen godt i gong! Vi har fokuset på å gjere vårt beste og har som motto «art by accident!»

No jobbar vi med eit prosjekt før jul og gledar oss til meir spennande ting å lære! Følg oss vidare her på bloggen for å følge vårt fantastiske år her på Grenland folkehøgskule!

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ