Handballkamp og futsalturnering++

Håndball • 17 / mars / 20

Medan me er heime og ventar på å få koma tilbake til skulen, deler me litt av det som har skjedd i det siste!

Forrige helg var det duka for besøk av fjorårselevar, sandvolleyturnerning, futsalturnering og handballkamp. Det var med andre ord ei innholdsrik helg. Fredagen gjekk som vanleg fram til kvelds. Me hadde valgfag, trening og romvask. Ut over ettermiddagen byrja fjorårselevane å koma. Funky Friday på fredagskvelden hadde fotballtema ettersom mange av fotballelevane frå i fjor kom på besøk på grunn av futsalturneringa som gjekk av stabelen på laurdag. Etter Funky var det duka for sandvolleyturnering. Denne varte litt ut over natta. Fleire av handballelevane deltok og gjorde det bra!

https://grenland.webforslag.com/wp-content/uploads/2020/03/chat-media-video-6c9d0d39-0c7c-4149-a499-b8f22bf60d2a.mov

Laurdag skjedde det ikkje noko særleg på skulen før graut. Etter graut var det tid for den best prestisjetunge handballkampen mellom årets handballelevar og fjorårets. Det var jamnt heilie vegen, men årets elevar hadde eit lite overtak gjennom heile kampen, og mot slutten drog me ifrå. Stillinga vart til slutt 35-29 i vår favør. Etter kampen var det boller i matsalen før lagene som skulle delta på futsalturnerninga på kvelden skulle presentera seg sjølve i dagligstova. Det var 5 jentelag og 5 guttelag og mange artige presentasjonar som gjorde at me blei litt betre kjent med kvarandre. Futsalturneringa vart ein suksess og både årets FUS (fotball for jenter)- lag og eit av laga som årets fotballelevar var med på, vann turneringa.

Bilda fra kampen!

Søndag vart ein roleg dag for dei fleste og set skjedde ingenting spesielt denne dagen. Veka som var gjekk som normalt heilt fram til torsdag, då me fekk den triste beskjeden om at me desverre var nøydde å reisa heim på ubestemt tid. Dagen snudde raskt og i løpet av torsdag og fredag hadde alle kome seg trygt heim. Det er veldig synd å måtta vera heime, men me har sjølvsagt full forståelse for det og håpar at desse tiltaka kan vera med på å bremsa utviklinga av viruset. Inntil me sjåast igjen håpar me at de tek vare på kvarandre og følger reglane slik at me saman kan vera med å forhindra et endå fleir blir smitta!

Vi gleder oss til å samles igjen, og kommer til å oppdatere dere med diverse utover!

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ