Hjelp til å hjelpe

Action/bistandMoldova • 29 / september / 18

Misjon uten grenser er ein organisasjon som arbeider for å hjelpe barn og familiar i seks av dei fattigaste landa i Europa. Grenland Folkehøgskule har i fleire år samarbeidd med organisasjonen, mellom anna i forhold til valgfaget «Prosjekt Moldova» og linja Bistand/Action.

Me på Bistand/Action har eit samarbeid med Misjon Uten Grenser, der me annakvar onsdag går ned til deira lokale og arbeidder frivillig for dei. Me er no med på eit prosjekt der me samlar inn klede som skal sendast til fattige land i Aust-Europa. Den første gongen me var på MUG, bretta me plastikksekkar inn i brosjyrar, som seinare skulle leverast til postkassar i nærområdet.

Neste gong me var på Misjon Uten Grenser, var det tid for å dele ut brosjyrane. Klassen delte seg i to, og køyrde til kvar sine område for å fylle flest mogleg postkassar med brosjyrar og ønske om støtte i form av klede til fattige i Aust-Europa.

Onsdag denne veka, var det endeleg tid for å sjå kor mange som faktisk hadde følgd oppfordringa. Klassen delte seg igjen opp i grupper, og køyrde rundt til dei same postkassane og områda brosjyrane vart levert ut til. Heile gjengen vart både overraska og takksame over kor mange som hadde teke seg bryet med å samle saman og sette ut klede til oss, og på den måten hjelpt oss å hjelpe fattige i Aust-Europa. Samtlige bilar måtte køyre fleire gonger for å få med seg alle sekkane, og det var utruleg kjekt å sjå det store fjellet av posar med klede som vaks nede på Misjon Uten Grenser. 

Då alle posane var samla inn, starta neste del av arbeidet. Alle kleda skulle no sorterast og brettast, ein enda større jobb enn det var å samle dei inn. Sjølv om det er mykje å gjere og me berre så vidt fekk starta, blir arbeidet likevel kjekt med riktig innstilling og god arbeidsmusikk i bakgrunnen – samstundes som tanken på menneska ein hjelper med varme klede er viktig drivkraft.

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ