I Frankrike som frivillig

Action/bistand • 21 / november / 18

Veke 45 og 46 har som tidlegare nemnd blitt brukt til praksis for oss på Bistand/Action. I løpet av desse vekene har me gått saman i små og litt større grupper, for å få betre innsikt i ein sjølvvald bistands- eller hjelpeorganisasjon. Ei av desse gruppene valde å reise til Sjømannskyrkja i Paris, for å arbeide saman med dei tilsette der i ei veke.

Ein spent gjeng stod klar på Gardemoen mandag 5. november, svært uvitande om kva som venta dei i Paris. Sjølv om dei fleste hadde høyrt litt om kva sjømannskyrkja står for, visste me lite om kva dei tilsette faktisk arbeidar med.

Vårt aldri så lite eventyr skulle vise seg å få ein litt lei start, då me brukte heile fem timar på å kome oss frå flyplassen og inn til byen. Dette er ein tur som i utgangspunktet tek rundt 45 minuttar, men med ein retningssans som ikkje er heilt på topp, og eit metrosystem litt for avansert for fire folkehøgskule-elevar, blei den ellers korte turen fort til ei halv dagsreise.

Avtalen var å arbeide i Sjømannskyrkja onsdag, torsdag og fredag, men etter å ha landa i Paris fekk me ein telefon frå Magnus, som er prest i kyrkja. Han fortalde at det skulle kome eit tonn med laks tysdags morgon, som dei trong hjelp til å bere og sortere. På grunn av dette starta me allereie på tysdag for å hjelpe til i kyrkja.

Den første dagen fekk me i tillegg vere med på å lage dei heilt spesielle Sjømannskyrkje-vafflane, og me møtte dei tilsette i kyrkja. Dei som møtte oss var utruleg imøtekomande, og fortalde mykje om det arbeidet dei utførte, noko som var svært spanande å høyre om.

Onsdag var den store arbeidsdagen vår. Me jobba då frå morgon til kveld med å stelle i stand hagen til julemesse, som skulle finne stad helga etter. Me raka mellom anna lauv og sette opp eit stort telt, for ikkje å gløyme den obligatoriske vaffelsteikinga og gode vaffelpausen.

På torsdagen under veka i Paris fekk me fri, og brukte dagen på å utforske byen. I tillegg var me på Louvre-museet og fekk sett Mona Lisa. Det var veldig kjekt å kunne bruke praksisveka vår til både frivillig arbeid, og kulturelle opplevingar.

Den typisk norske «taco-fredagen» er og eit faktum i Sjømannskyrkja i Paris, og me fekk vere med å gjere i stand denne. Me fekk i tillegg snakka med familiane som var innom kyrkja, og høyre om deira ulike tilknytningar til staden.

Helga brukte me til å sjå ulike serverdigheitar som Eiffeltårnet og Triumfbuen. Me måtte sjølvsagd og ein tur innom Disneyland – noko som  vart ei magisk avslutning på ein super tur!

Tusen takk til Sjømannskyrkja i Paris for ei super veke. Me lærte mykje om viktigheita av kyrkja, og kjem gjerne på besøk igjen.

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ