Linjetur: Liverpool!

LiverpoolRoute 66 • 02 / desember / 19

For ei stund sida så var vi i Liverpool, og det var litt av ein opplevelse! Sjølv om vi kun var der i to heile dagar så opplevde vi MYKJE. Live musikk, stand up, Beatles historie, og meir! I forkant for turen så jobba vi ein del med The Beatles, sidan det var tema for turen vår. Vi såg dokumentar, lagde musikkvideo og gjorde research.

På tysdag så begynte vi dagen vår med ein omvisning på The Cavern club av ein kjempe koseleg mann som heitte Dave. The Cavern Club er ein kjent klubb kvar The Beatles spelte og blei oppdaga. Det har også vert mange andre kjende musikarar der og spelt som feks Queen og Adele! Det var ein heilt spesiell atmosfære i klubben og det var tydeleg ein plass for god stemning!

Vidare så hadde vi vår første fritidsperiode i Liverpool og vi begynte å utforske byen. Vi tok og sjølvsagt ein tur innom Starbucks som man må! Deretter bevegde vi oss gjennom den facinerande byen til vi kom fram til LIPA, som er ein forkortelse for Liverpool Institute of Performing Arts. Der fikk vi ein omvisning av skulen kvar vi fekk sjå dei forskjellige linjene og kva dei gjorde.

Seinare på kvelden så åt vi middag på Death Row Diner, og der var det ein veldig kul photo booth som vi tok til bruk!

Etterpå dro vi på Hot Water Comedy Club, kvar vi såg live comedy! Vi såg fire stand up komikarar og ein “heckler”. Det var utruleg morosamt, og vi koste oss kjempe mykje!

På onsdag så begynte vi dagen med Magical Mystery Tour! Som ikkje berre er eit album av The Beatles, men også ein tour kvar ein får besøke plassane som kvar Beatle vokste opp. Vi fekk og sjå viktige plassar i Beatles historia, som Penny Lane og Strawberry Fields. Her var det mange moglegheitar for bilde!

Vi måtte og sjølvsagt dra på The Beatles Story museum. Her lærte vi om heile historia til bandet frå dei først begynde. Det var facinerande å sjå og høyre om alt som skjedde som gjorde The Beatles til det største bandet som har vert!

Avslutninga på onsdagen var ein konsert på The Cavern club, kvar ein mann som heitte Jonny Parry bad publikum om song forslag og spelte alle songane han kunne. Vi sjølv ropte ut “Sweet Caroline”, som blei framført til stor glede for alle!

No kan vi i hvertfall over gjennomsnittet mykje om The Beatles! Og har kanskje fått eit snev av Beatlemania. Vår kjære Ada har og tatt seg tida til å filme og redigere ein turvlogg, og den anbefalast på det høgste!

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ