Litt om livet på håndballlinja!

Håndball • 02 / mai / 20

No når skuleåret nærmar seg slutten, er det kjekt å tenkja litt gjennom kva me eigentleg har fått vera med på, på handballinja på Grenland!

Ein vanleg dag på handball er som ein draum for alle som vil bli idrettsutøvarar. Dagen startar klokko 8, med felles frukost for alle på skulen. Mellom lunsj og frukost er det morgonsamlig, etterfulgt av anten valfag, kristendom, andre fag, eller så har ein kanskje fri, og dermed tid til ei økt på det fine styrkerommet vårt. Me møtest til lunsj halv 12, før det er trening med Hanne eller Trine. Me har handballtreningar 3 gonger i veka, i tillegg til 1 fellestrening med fotballgjengen. Den dagen me ikkje har trening etter lunsj, står det valfag på programmet, noko som også er kjempemoro! Etter trening er det felles middag for alle, og me møter resten av elevane på skulen til god mat og god stemning. På ettermiddagen har me fri til å gjera det me vil og mange på handballinja er då på trening med klubblag. Dette blir det lagt til rette for, så det er ikkje noko problem i det heile tatt å ha kveldstreningar med klubb! Ein treng sjølvsagt ikkje spela med eit lag på fritida heller, dette er heilt opp til ein sjølv, og handballinja er for folk med alle slags ambisjonar! Det viktigaste er at ein synest handball er moro!

Frå kvardag og vidare til kva som gjer at året på handballinja er så fint og spesielt! Fellesskapet innad i klassen er heilt spesielt. Me har treningar, reiser, kampar og andre opplevelsar saman. Fellesskapet vert styrka gjennom alt me gjer saman, men det viktigaste for fellesskapet er at alle er såpass opne og imøtekomande. Frå byrjinga av er alle innstilte på å skapa nye vennskap, er åpne for å bli kjent med alle. Det tok ikkje meir enn ein trening før me vart varme i trøya og byrja å rosa og risa kvarandre for gode prestasjoner og stygge taklingar. Ros og konstruktiv tilbakemelding er viktig i eit lag og i eit fellesskap. Det handlar om å backa kvarandre og ynskja det beste for alle.

Fellesskapet er ikkje berre tilstades på treningar, men også i alt det andre me gjer. Me har opplevd utruleg mykje kjekt saman som har styrka fellesskapet i klassen veldig. Me har vore på kanotur, Escape Room og laga isdansprogram for å nevna noko. Utfordringar som til dømes kanopadling krev mykje samarbeid og kommunikasjon. Det er to viktige punkt når det kjem til å skapa eit godt fellesskap. Det er heller ikkje kun me elevar som har stått for det å skapa eit godt fellesskap. Det har nemlig vår kjære Hanne, også ein del av æra for. Frå fyrste skuledag har ho jobba for eit godt klassemiljø og absolutt lukkast med det også. Fyrste klassemøte skulle me blant anna plukka kvar vårt plastdyr som ho hadde teke med, og sei kvifor me valde dyret. Dette gjorde me for å bli bedre kjend med kvarandre, og det førte til masse latter og morosame historiar. Hanne har gjort ein fantastisk jobb med klassen, og ho har vore ei viktig støtta for oss alle gjennom året!

I løpet av året vert ein veldig godt kjent med dei på linja (og utanom sjølvsagt) og kjem til å skapa vennskap som vil vara livet ut. Alle er ivrige etter å bli kjend med nye folk og opne for spennande samtalar og mykje latter. At ein får oppleva så mykje forskjellig ilag, gjer at ein vert godt kjent med alle og finn folk ein trivst godt saman med. Det er vanskeleg å velja det beste med året på handballinja, fordi det er eigentleg alt. Kampar og treningar er heilt vilt moro med gjengen, og sjølv om den første treninga, som alltid, var litt skummel, tok det som sagt ikkje lang tid før smila var på plass og skuldrane senka! Turar, treningsleir, julelunsj hjå Hanne, elevkveld. Alt er moro når ein er med klassen, takka vera ein open innstilling hjå alle frå byrjinga av og det fellesskapet og den tryggleiken me har bygd innad i gruppa! Til alle som lurar på om dei skal søke handball: gjer det! Det er ikkje noko å vera nervøs for, ein møter berre mange andre kjekke handballspelarar frå ulike plassar og med ulikt nivå, og fantastiske lærarar!

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ