Overstått elevkveld

Action/bistand • 03 / februar / 19

Omtrent kvar andre laurdag er det elevkveld her på Grenland, og kvar linje har kvar sin laurdag. Elevkveld går ut på at ein klasse skal lage eit show eller ei forestilling for resten av skulen, og i tillegg velge, lage og rydde opp middagen før showet. Denne veka var det Bistand/Action sin tur til å gå i ilden, og me har mildt sagt jobba mykje for å få til ein bra kveld!

Planlegginga av kvelden starta for ei stund sidan. Me byrja kome med forslag til innslag, filme og øve på åpningsnummeret allereie rundt juletider. Likevel vart det hektisk siste veka, med øving kvar dag frå middag til over midnatt. Mykje av grunnen til dette var at det har skjedd så mykje på skulen, at tida har fore i frå oss. Sjølv om det vart lange, mange og slitsame øvingar, har me hatt det veldig kjekt i prosessen fram mot elevkvelden, og alle saman har vore med på å bidra på best mogleg måte.Søndagen har for dei fleste blitt brukt til å slappe av og ta ein velfortent pust i bakken. Det vellykka resultatet tar me med oss inn i neste veke, som er siste veka før me vender snuten mot Afrika!

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ