Snart Jul!

Route 66 • 19 / desember / 19

Siste veka før jul so er det full forberedning til juleavslutninga og klassen gledar seg kjempe mykje!

Til vårt innslag på juleavslutning har vi valgt å spele ein sang (sjokk! :0). Det har vert utruleg kjekt å øve og klassen kosar seg mykje saman med latter og moro. Og litt faktisk øving og 😉

Apropos julesanger så har vi vaska golvet! Eller rettare sagt klasserommet og bandrommet. Er viktig med julevasken så vi kan komme tilbake til eit skinnande reint klasserom!

Sidan vi har vert so flinke til å øve so fekk vi litt ekstra tid til å sjå ein musikkdokumentar som heitte «Sound city», den var utruleg kjekk og anbefalast på det høgste!

Vi har også slipt vår første Podcast! Linken ligger på Instagram so den er berre å sjekke ut!

På onsdag hadde vi kos og avslutning med klassa, her fekk vi noko godt og kaffi. Vi koste oss med kahoot 😀

No er vi klar for å reise heim til våre kjære familiar og fortelle om dei mange eventyra vi har hatt på Grenland so langt, og heldigvis er det ikkje so lenge til vi kjem tilbake <3

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ