string(5) "right"
Grille pølser 3

Solodøgn for Bistand/Action

Tysdag 18. September pakka gjengen på Bistand/Action tursekkane og gjorde oss klar for solodøgn. Forventingane framføre ei natt heilt aleine i skogen var blanda, men dei fleste var nok spente på opplevinga som stod i vente. Me starta med å køyre frå skulen til ein tursti i nærområdet, der me gjekk eit kort stykke for å kome fram til “basen”. 

Etter ei lita samling og informasjon, blei me sendt av garde for å finne ein plass å campe for natta. Me fekk sjølv velje kor langt borte frå basen me ville liggje, men formålet med turen var å kjenne på følelsen av å vere aleine. Det var derfor ein fordel å finne ein stad der ein ikkje kunne sjå andre sin camp.

Då alle hadde gjort klar campen, vende me tilbake til basen for å spidde pølser og marshmellows.

Før sola gjekk ned og det begynte mørkne, vart gjengen igjen splitta, og vende tilbake til campen sin for natta.

Då me møttes igjen ved basen morgonen etter, var opplevingane kanskje enda meir spreidt enn forventingane me hadde på førehand. Enkelte hadde sovna med det same hovudet traff hengekøya, andre var vakne store delar av natta. Nokon opplevde å vere meir skremt enn forventa, andre mindre redd enn kva dei var førebudd på.

Felles var at alle overlevde solodøgnet, og heile gjengen vart med tilbake til skulen utan alvorlege skadar og traumatiserande hendingar – verken fysisk eller psykisk.

Del: