Tilbake blikk til linjeveke

Route 66 • 04 / november / 19

No begynner vi vår andre linjeveke her på Grenland og det får oss jo til å tenke tilbake på den første vi hadde i oktober! Her er ein liten oppsummering av kva vi gjorde då.

Vi starta veka med eit låtskrivar kurs med Vetle Jarandsen. Han viste oss forskjellige teknikkar for å få inspirasjon og formidle oss med songtekstar. Sweet!

Vi lærte det som skal til for å lage ein song og så fikk vi prøve oss sjølv på oppgåva!

Låtskriving var også fokuset vidare i veka, kvar vi skreiv, tok opp og redigerte våre egne songar!


Vi brukte største delen av veka til å jobbe med songar, men vi tok ein tur til Oslo og! Sjølv om heile linjeveka var kjempe kjekk, så var Oslo dagen definitivt eit av høgdepunkta! Heile dagen var stappfull av aktivitetar, men vi klarte alikavel å få tid til 3 besøk på fast food restaurantar. Nesten som ein liten oppvarming for USA 😉

Vi begynte dagen med escaperoom på Adventure rooms i Oslo, kvar vi fikk sjå kor godt vi handla under stress! Vi skal tross alt sitte fleire timar i bil saman, så då måtte vi vel klare ein time innesperra i eit rom? Og det gjorde vi! Etter to 30 minutts rundar, kom vi oss ut sterkare og meir samanknytt!

Vidare så fikk vi ein omvisning på NRK! Der fikk vi sjå historia bak NRK, det store kostymet lageret og dei forskjellige studio kvar det spela inn nyheiter, nytt på nytt, brille, Lindmo og meir!

Seinare på kvelden dro vi tilbake for å vere med som publikum på innspelinga til Lindmo. Som var ein kjempe kjekk opplevelse!

Fleire kjendisar blei møtt på og! Både Pascal, Else Kåss Furuseth, og Bjørn Eidsvåg!

Alt i alt ein fantastisk dag!

Etter ein så fantastisk kjekk linjeveke så gledar vi oss kjempe mykje til nr 2!!

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ