Travle tider

Action/bistand • 25 / januar / 19

Vekene flyg av gårde her på Grenland. Sjølv om me ikkje er ute og reiser eller proppar linjetimane fulle med aktivitetar for øyeblikket, er det likevel mykje på timeplanen for oss på Bistand/Action.

Afrikaturen vår nermar seg med stormskritt, og det meste av tida me har saman med klassen går derfor til planlegging og førebuing. Me har mellom anna vorte delt inn i grupper og arbeider med kvart vårt framlegg for resten av klassen. Nokre er allereie ferdig, og til no har me mellom anna lært om natur og nasjonalparkar i landa me skal besøke, folkeslaget masaiene og enkle ord og frasar på swahili som saman med engelsk er det offisielle språket i alle dei tre landa me skal innom.


I tillegg til afrikaførebuing, held me óg på å førebu elevkvelden vår som skal visast fram for resten av skulen allereie neste helg. Det meste av fritida vår går derfor til jobbing med dette. Sjølv om det er slitsamt og mykje å gjere, er det samtidig veldig kjekt og me gledar oss til å vise fram det me har arbeidd med.

Dei tre siste dagane har bistand/action tilbragt saman med resten av skulen på Rauland. Her har me både stått på slalom, gått på langrenn og aka, samt vert saman på kveldane og kosa oss med brettspel, handballkampar og god mat.

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ