img_5711.jpg

Treningsleir

Litt forsinka, men her får de lesa om resten av Danmarkturen vår!

Onsdag gjekk turen til Aalborg. Me byrja med bowling, der klassen konkurrerte mot kvarandre på 4 banar. Elias stakk av med seieren og vann ein valfri dessert til middagen me skulle eta seinare. Etter bowlingen fekk me litt tid på eigenhand i byen. Nokon traska litt rundt, andre var på shopping og kafé. Me åt så ein deilig middag på Jensens Bøfhus, før me køyrde tilbake til ICV. Kvelden gjekk med til litt øving på elevkveldprogrammet.

https://grenland.fhs.no/wp-content/uploads/2019/11/img_5613-1.mov

Torsdag starta som vanleg med frukost klokko 8. Me trente frå 9-10.30 og hadde fri frå lunsj og fram til middag. Me brukte tida på å slappa av og til å gå ein tur på butikken. Etter middag reiste me til Sæby for å møta damelaget deira. Kampen enda med seier 27-21! På grunn av at det var første gong me spelte kamp saman, vart ein del rot, men me hadde også mange gode prestasjonar. Det var god stemning og veldig kjekt å få spela saman etter å ha trent ilag sidan august. Når me kom tilbake til ICV, måtte me byrja å pakka ettersom heimreise var på føremiddagen dagen etter.

https://grenland.fhs.no/wp-content/uploads/2019/11/img_1418-1.mov https://grenland.fhs.no/wp-content/uploads/2019/11/img_1501-1.mov

På fredag arrangerte me squashturnering før me reiste heim att. Det vart Henrik som stakk av med seieren. Han vann derimot ikkje dessert, berre ein story dedikert til seg sjølv på Instagram. Me reiste frå ICV i ellevetida og alle gleda seg veldig til båtturen heim att, fordi Hanne hadde på torsdagskvelden annonsert at det vart buffe på heile gjengen på heimturen! Me hadde vore so greie å reisa med so ho syns me fortente da<3 Det var fantastisk god mat og dei fleste var nok mette heilt til middag neste dag.

Laurdag og søndag hadde me fri, så nokon reiste heim/vekk og resten var att på skulen. Helga vart brukt til å slappa av og henta seg inn igjen før me starta med vanleg undervising igjen på mandag. Hei-jentene spelte kamp på søndag, og vann mot Reistad 3. Det gjorde at dei no ligg på 2.plass på tabellen!

Fleire av linjene på skulen har hatt ferie no den siste veka, etter den første linjeveka på grunn av at dei er på tur når resten av skulen har vinterferie i februar. På søndag kom derfor mange tilbake igjen etter ferie (og frihelg)!

Mandag byrja me med vanleg undervising igjen, etter to veker med linjeveker. Ettermiddagane denne veka har gått med til ein del øving til elevkveld og trening. I morgon reiser heile Action/Bistand og ein del andre elevar til Moldova, blandt anna tre frå handball. Det vert ein spennande og gjevande tur og me ynskjer dei masse lukke til! Følg med her vidare for oppdateringar og resten av spelarpresentasjonane!

Del: