Vellykka markedsdag!

Action/bistand • 07 / april / 19

Laurdag 6. april var det duka for markedsdag på Grenland Folkehøgskule, i samarbeid med Misjon utan Grenser. Med strålande sol, glade menneske, loddsal, leikar og kaker vart det eit flott arrangement.

For å få til å arrangere markedsdagen, vart heile skulen involvert veka i forvegen. Me vart delt inn i ulike ansvarsgrupper, og alle har jobba, planlagt og øvd for å bli klare til laurdagen. Mellom anna har kafègruppa funne oppskrifter, handla inn til og baka 27 ulike kaker, der 16 av dei vart brukt som gevinstar i lotteriet.Det var ikkje berre kaker som vart lodda bort, lotteri-gruppa på skulen har òg arbeid for å få tak i fine premiar. Dei gjorde ein super innsats og fekk sponsa premiar frå ulike butikkar, restaurantar, kafèar og liknande i nærmiljøet, mellom anna ulike gåvekort, høgtalarar, kaffimaskin og klesplagg.

I tillegg til kaker, kaffi og lotteri, var det fleire leikar dei besøkande kunne bli med på. Plassert rundt på tunet kunne du finne ulike stasjonar med mykje gøy. Olabilkøyring, fiskedam og paintball var berre noko av det som vart arrangert. Sjørøvarshowet på scena med påfølgande skattejakt, vart ein stor hit blant mange av barna. Frå scena vart det og vist innslag med sang, band og dans, i tillegg til akrobatikk- og flammeshow frå elevane.

Sidan markedsdagen i år fall på same dato som den nasjonale klesbyttedagen, vart det og sett i stand ein eigen «klesbyttebutikk». Her kunne både elevar, tilsette og besøkande levere inn heile og fine brukte plagg. For kvart innleverte klesplagg fekk ein ein klesbyttelapp som kunne vekslast inn i eit «nytt» plagg frå butikken. Dette vart ein stor suksess og eit godt tiltak både for miljøet og klesskapet. Dei resterande kleda vart gitt til Misjon utan Grenser.

Kort oppsummert vart årets Markedsdag på Grenland ein stor suksess. Mange blide menneske på tunet, fint vêr og ulike aktivitetar gjorde ein ellers vanleg laurdag litt meir spanande. Til slutt er det verdt å nemne at alle inntektene frå markedsdagen går direkte til Misjon utan Grenser og deira arbeid for å betre situasjonen for fattige i Aust-Europa, mellom anna ved hjelp av skulegong og utdanning.

 

Bli med på et år med action, eventyr og sport.

SØK NÅ