b1109ab1-4913-4ee0-9242-f2af16635fb1.jpg

Fattig land rikt på historiar

Tidlig på morgonen laurdag 24. november, var det endeleg tid for avreise for Bistand/Action og resten av elevane ved valgfaget prosjekt Moldova. Etter å ha arbeidd med pengeinnsamling og fokus på landet gjennom skuleåret, var det knytt mykje spenning til å oppleve og sjå Europa sitt fattigaste land med eigne auge. Me hadde på førehand høyrt mykje om landet, og blitt fortalt mange historiar frå tidlegare år, men eg vil likevel påstå at det var ein uvitande gjeng som stod pakka og klar utanfor Grenland Folkehøgskule denne kalde morgonen.

images (1)

Hjelp til å hjelpe

Misjon uten grenser er ein organisasjon som arbeider for å hjelpe barn og familiar i seks av dei fattigaste landa i Europa. Grenland Folkehøgskule har i fleire år samarbeidd med organisasjonen, mellom anna i forhold til valgfaget “Prosjekt Moldova” og linja Bistand/Action.